Arrangement med banken

Det skjer mykje rundt om i Sogn og Fjordane. Her får du ein oversikt på arrangement som vi er med og støttar, og på fleire av desse kan du møte oss og kanskje maskotane våre, Elin Ekorn og Kåre Bjørn.

plakat til stryn visefestival

Kick off Førde fotball 3. april

Fotballsesongen 2025 står ved dørene, og vi håpar du blir med og sparkar den nye sesongen i gang saman med oss. Temaet for avsparket er kultur og lagsbygging. 

 

Høyanger Bakgårdsultra 5. april

I samarbeid med IL Høyang friidrettsgruppa blir det arrangert Høyanger Bakgårdsultra 2025.
Starter om morgonen, der målet er 10 rundar med start kvar heile time.  

 

 

SSF Cup Finale 6. april

Sogndal IL langrenn inviterer til SSF Cup finalen i Hodlekve. Rennet er det siste teljande rennet i SSF Cupen 2025. Det blir gjennomført skiathlon for klassane 13 år og eldre, og klassisk stil for klassane 12 år og yngre.

Foredrag med Lars Monsen 8. - 10. april

Vi feirer friluftslivets år, og inviterer til inspirasjonsforedrag med Lars Monsen - Norges mest kjende eventyrar! I tillegg vil pensjonsekspert, Maria Kongsli Kovács i SpareBank 1 Forsikring gi deg innsikt i kvifor det å starte sparing til pensjon tidleg er lurt. 


I april blir det foredrag i Førde, Sogndal og Eid, og til hausten blir same arrangementet gjennomført i Bergen, Dale og Florø. 

Familietur til Dagsturhytta

Vi markerer friluftslivets år og i samarbeid med Barnas Turlag inviterer vi til kjekke turar til fleire av dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. 

6. april går turen til dagsturhytta i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Fleire datoar og fleire hytter vil kome seinare. 

Nordfjordtreffet 15. april

Frå heile Nordfjord, og frå alle bransjar og næringar, kjem ca. 70 av dei råaste og beste bedriftene og folka som jobbar der for ein av årets kjekkaste samankomstar. Årets treff blir gjennomført i Måløy - Nordfjordhallen.

Kjeringi Open 26. april

Vaorens vidlaste eventyr frå fjell til fjord. Fire på lag, eller ta alt sjølv. Vi gler oss og håpar vi ser deg til start på Kjeringafjedle! 

 

Turnstemne Førde IL Turn 25. - 27. april

Velkommen til Gymfest i Vest! 

 

Bygdenæringsdagane i Stardalen 26. - 27. april

Her blir det aktivitetar for borna, eit spekter av utstillarar, god mat og engasjerande underhaldning attåt.

 

 

Breimsstafetten 4.mai

Breimstafetten går av stabelen på Reed og er fylkets eldste idrettsarrangement. Kvart år samlar arrangementet fleire hundre utøvarar i alle aldrar. 

 

Kongleriket Miniputt turnering

Kongleriket Miniputt er serietilbodet for barn i alderen 6-9 år som vi gjennomfører i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane. Turneringane går gjennom heile våren og sommaren, og første turneringsdato blir 11. mai. 

 

 

Fjørarock 23. - 24. mai

Midt i Sogndal sentrum blir det to dagar med konsertar og god stemning. Vi gler oss og håpar mange tek turen.