Når marknaden endrar seg kan normalt sunne bedrifter få problem med økonomien. Då er det viktig å skaffe seg full oversikt over situasjonen, slik at de kan treffe gode avgjerder. Her er nokre tips og råd på vegen.
Omstilling, avvikling eller konkurs
Ta grep så tidleg som mogleg
Dersom bedrifta får problem med økonomien, er det viktig å ta grep så tidleg som mogleg. Søk gjerne råd hos banken, eller hos rekneskapsførar.
Fire tips til omstilling av bedrifta:
- Sjå på inntektene: Dekker inntektene kostnadane for bedrifta? Er svaret nei må de planlegge grep som forbetrar situasjonen. Kva moglegheiter har de for å auke inntjeninga? Ekspansjon mot nye marknader, sal av andre typar varer og tenester.
- Sjå på kostnadane: Ta ein gjennomgang av alle kostnadar. Start med dei største kostnadspostane. Kva kan de redusere og endre? Kan du selje eigedelar, varelager og utstyr?
- Sjå på finansieringa: Korleis er selskapet finansiert? Kan du forlenge eller omstrukturere gjelda til bedrifta?
- Auke eigenkapitalen: Kan eigarane gå inn med frisk kapital i selskapet, eller kan du få inn andre på eigarsida?
Avvikling
Å avvikle er ikkje det same som å gå konkurs. Det kan vere mange grunnar til at ein vel å legge ned bedrifta, til dømes at marknaden endrar seg, at eigarar ønsker å trekke seg ut, eller at innhaldet i bedrifta er seld til andre. For å avvikle må bedrifta kunne betale alt av gjeld og rekningar.
Nedanfor kan du lese meir om korleis du avviklar eit aksjeselskap. Prosessen blir beskriven i større detalj på altinn.no.
Fire steg til avvikling av aksjesselskap
Generalforsamlinga må vedta at bedrifta blir oppløyst. Avgjerda blir meld til Brønnøysundregistera gjennom samordna registermelding. Protokoll frå generalforsamlinga må leggast ved. Viss det blir valt nye styremedlemmer i samband med avviklinga, må dette òg meldast inn.
Når vedtak om oppløysing er publisert på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider, startar avviklingsperioden. Denne kan ikkje vare kortare enn kreditorfristen på 6 veker, og bør normalt ikkje vare lenger enn 12 månader. I denne perioden skal styret utarbeide ei oversikt over eigedelar, rettar og forpliktelsar, og deretter gjere opp ein balanse med tanke på avviklinga.
Bedrifta må krevje førehandsfastsetjing, via skattemeldinga. Skattemeldinga blir send inn når avviklinga er ferdigstilt, altså når alle forpliktingar er gjort opp, alle eigedelar er realiserte og gevinst og tap er gjort greie for.
Når generalforsamlinga har godkjent det endelege og reviderte avviklingsrekneskapet, må det meldast sletting til Brønnøysundregistera via samordna registermelding. Protokoll frå generalforsamlinga må leggast ved. Hugs at rekneskapsdokument skal takast vare på i fem år etter sletting.
Går det mot konkurs?
Er det ikkje pengar nok til rekningane, eller overstig gjelda inntektene og eigedelane til bedrifta?
Ei av hovudoppgåvene til styret og leiinga i bedrifta er å passe på at ein har ein forsvarleg eigenkapital og likviditet. Dersom bedrifta ikkje klarer å betale utgiftene etter kvart som dei forfell, og verdiane og inntektene ikkje er tilstrekkeleg for å dekke gjelda (insolvens) har styret handlingsplikt.
Konkurs blir meld til tingretten, og det kallast å krevje oppbud om de sjølv melder frå. Styret har ansvaret for økonomien i aksjeselskap, og kan vere erstatningsansvarleg om dei ikkje følgjer opp dette. Går selskapet konkurs blir andre påført tap, sidan selskapet ikkje kan gjere opp for seg.
Verd å vite om konkurs
Ved ein konkurs mistar ein retten til å disponere over eigedelane til selskapet. Styremedlemmer og dagleg leier mistar òg verva sine. Tingretten vil opprette ein bustyrar (advokat) som krev inn uteståande gjeld, og kan selje eigedelane til selskapet slik at kreditorane får dekka krava sine.
Leverandørar, tilsette og skattestyresmakter som har pengar til gode, og som kan vise til at bedrifta er pengelens kan be tingretten om at det blir opna konkurs. Dette skjer ved eit konkurskrav.
Tingretten vil avgjere om det skal opnast konkurs. Dei vil òg oppnemne ein bustyrar som har som hovudoppgåve å skaffe pengar til å dekke krav frå leverandørar, bank, tilsette osb.
Ved ein konkurs vil det bli tatt ein gjennomgang av bedriftas økonomi for å få oversikt over eigedelar i selskapet og gjeld. Bustyrar vil hente informasjon frå leiinga i bedrifta, rekneskapsførar, revisor, offentlege register, og sørge for ei riktig fordeling av midla i buet mellom kreditorane.