UE, Ungt Entreprenørskap

Skal de starte ungdomsbedrift, studentbedrift eller elevbedrift? For å lykkast er det viktig å ha god oversikt over økonomien. Det får de med konto og nettbank hos oss.

Kolleger sitter rundt et bord med en robot midt på og peker på roboten
Gratis å opne bedriftskonto
Gratis å bruke nettbank bedrift

Slik får de konto og nettbank

Før de skaffar konto og nettbank, må bedrifta vere registrert hos Ungt Entreprenørskap (UE), og i Brønnøysundregistera. Vi samarbeider med UE for at det skal vere enkelt å starte, og drive bedrifta. 

Sjekk korleis de går fram for å registere bedrifta og få konto og nettbank under.

Ta betalt med Vipps!

  • Betaling med mobilen – utan kort og kontantar!
  • Kundane finn bedrifta dykkar med QR-kode eller Vippsnummer.
  • De kan sjå alle innbetalingar i Vipps bedrift.

Har du ikkje BankID? 
Sånn får du det: 

Du kan få BankID for ungdom frå du er 12 år. Foreldre eller føresette må bestille BankID i nettbanken, og signere avtalen. Når alle har signert, sender vi ein SMS om at BankID er klar.

Då kan du som er under 18 år komme innom banken med norsk pass, reisebevis eller norsk nasjonalt ID-kort, og få BankID.

Kva er entreprenørskap?

Entreprenørskap er evna til å sjå moglegheiter og gjere noko med dei. Ein entreprenør er ein som startar si eiga bedrift, ser behov, finn løysingar og gjennomfører ideen sin.

Alle kan bli entreprenørar, og trener du på det, blir du betre. Hos Ungt Entreprenørskap (UE) får alle elevar og studentar opplæring i entreprenørskap.