Ofte stilte spørsmål om pensjonskapitalbevis

Kva er pensjonskapitalbevis?
Ein pensjonskapitalbevis er oppspart pensjon som du får med deg når du sluttar i ei bedrift med ei innskottsbasert pensjonsordning. Pengane blir utbetalt som ein del av den samla pensjonsutbetalinga di.

Når kan eg starte utbetaling?
Du kan tidlegast starte utbetaling av pensjon frå 62 år, med mindre anna er avtalt. Du må sjølv gi oss beskjed når du ønsker å starte utbetalinga. Utbetalingstida må vere over minimum 10 år, og du kan tidlegast avslutte utbetalinga når du er 77 år.

Viss den årlege pensjonen er mindre enn 20 % av grunnbeløpet i folketrygda 101 351 kroner pr 1. mai. 2020) når utbetalinga skal starte, blir utbetalingstida automatisk korta ned slik at årleg pensjon aukar.

Pengane blir utbetalt månadleg saman med den øvrige pensjonen din, og blir beskatta som pensjonsinntekt.

Kan eg sjølv spare vidare på eit pensjonskapitalbevis?

Nei, det er ikkje mogleg å spare vidare på et pensjonskapitalbevis.

Kva er forskjellen på eit pensjonskapitalbevis og ein fripolise?
Pensjonskapitalbevis er ein pensjonsrett du har frå eit tidlegare arbeidsforhold i ei bedrift med innskotsbasert pensjonsordning. Fripolise er ein pensjonsrett du har frå eit tidlegare eller noverande arbeidsforhold i ei bedrift med ei ytelsesbasert tenesteordning.

Kva er belasta forvaltningshonorar?
Prisen til fondsforvaltar. Honoraret er trekt frå fondskursen.

Kva kostar det å ha pensjonskapitalbevis hos SpareBank 1?
Du betaler forvaltningshonorar og avtalegebyr for pensjonskapitalbeviset ditt.

Størrelsen på forvaltningshonoraret avhenger av investeringsvalet ditt. For Alderstilpassa investeringsprofil varierer prisane frå 1,35 % ved 100 % aksjar til 1,03 % i utbetalingstida, når aksjeandelen er 20 %.

Det blir belasta eit årleg avtalegebyr på 0,5 % av grunnbeløpet i folketrygda (G) per avtale. Får du tilsendt avtaledokument per post, er avtalegebyret 0,6 % av G. Gebyret blir redusert forholdsmessig når saldo er under 10 000 kroner. 

Kvifor er saldo redusert eller kvifor er det tatt ut pengar frå avtalen min?

Enkelte kundar kan oppleve at saldo er ein del lågare enn i fjorårets kontoutskrift eller at det er tatt pengar ut frå pensjonsavtalen. Dersom du har slutta hos ein arbeidsgjevar eller gått ned i stillingsprosent eller lønn, kan bedrifta ha innbetalt for mykje på avtalen din. Dei pengane som er innbetalt for mykje frå bedrifta inn på avtalen din vil bli tilbakeført til bedrifta. Dette gjeld både pensjonskapitalbevis, innskotspensjon og hybridpensjon. 

Korleis kan eg flytte pensjonskapitalbevis til SpareBank 1?
Å samle pensjonen på èin stad er lurt, då får du oversikt, kontroll og lågare gebyr. Fyll ut det elektroniske flytteskjemaet som finst på www.sparebank1.no/pkb

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }