Kva er ein fripolise?
Ein fripolise er ein pensjonsrett frå ein ytelsesbasert pensjonsordning frå tidlegare eller noverande arbeidsforhold.
Hva må eg gjere for å starte utbetaling frå fripolise?
For å starte utbetaling frå di fripolise må du gi beskjed til oss. Skjemaet ”Melding om uttak av alderspensjon” finn du på www.sparebank1.no/skjemaer
Kan eg endre utbetalingsperioden?
Med visse unntak kan utbetaling frå fripolisen din tidlegast starte ved fylte 62 år, men ikkje seinare enn fylte 75 år. Tidlegare utbetaling vil medføre lågare årlege pensjonsbeløp og seinare uttak gir høgare pensjonsbeløp. Er det årlege pensjonsbeløpet mindre enn 30 prosent av grunnbeløpet i folketrygda, kan utbetalingsperioden bli redusert slik at årleg pensjonsbeløp blir omlag 30 prosent av grunnbeløpet i folketrygda.
Korleis blir pensjonen utbetalt?
Pensjonen blir utbetalt til kontoen din ca. den 20. kvar månad.
Kva er saldo?
Saldo er det beløpet selskapet har avsett for å kunne utbetale dei garanterte pensjonsbeløpa.
Kan fripolisen bli utbetalt i sin heilheit?
Nei, saldo kan etter lova ikkje bli utbetalt som ein eingongssum. Viss det ikkje finst etterlatne med rett til utbetaling etter forsikra sin død, vil avtalen bli avslutta og gjenverande saldo tilbakeført til forsikringsfelleskapet.
Korleis kan eg finne ut om eg har fripolise, og kor?
Du vil få tilsendt kontoutskrift kvart år frå selskapet som forvaltar fripolisen din. Viss du ønsker ein samla oversikt over dine pensjonsavtalar finn du det på www.norskpensjon.no
Kvifor kan eg ikkje finne avtalen min på www.norskpensjon.no?
Det kan vere fleire årsaker til at avtalen din ikkje viser på www.norskpensjon.no. Dette kan til dømes vere:
- Avtalen er under utbetaling
- Forsikringstakar har ikkje eit norsk personnummer
- Avtalen har ikkje alderspensjon, berre tilleggsdekningar
Kva er forskjellen mellom fripolise og pensjonskapitalbevis?
Begge er opptente pensjonsrettar frå eit tidlegare eller noverande arbeidsforhold i privat sektor. Ein fripolise er ein pensjonsrett frå ein ytelsesbasert pensjonsordning. Eit pensjonskapitalbevis er ein oppspart saldo frå ein innskotsbasert pensjonsordning.
Kva er garantert rente?
Garantert rente er den renta som alt er lagt som ein føresetnad for pensjonsbeløpa. Dersom avtalen er tildelt overskot utover garantert rente vil pensjonsbeløpa auke.
Kva er fripolise med investeringsval?
Frå 1. september 2014 tredde forskrift om fripolise med investeringsval i kraft. SpareBank 1 tilbyr ikkje dette. Overgang til investeringsval inneber at eigar av fripolisen seier frå seg rentegarantien som ligg i vanlege fripoliser, og har dermed ikkje lenger krav på ein bestemt årleg yting ved uttaksalder. Til gjengjeld kan kunden bestemme korleis alderspensjonskapitalen skal bli forvalta.
Investeringsval medfører at kunden både held på all avkastning og sjølv ber risikoen for tap. Eventuelle tilleggsdekningar som gjeld ved død og ufør blir ikkje berørt. Fripoliser med investeringsval opnar for nye moglegheiter, men passar ikkje nødvendigvis for alle.
Når vil pensjonsbeløpa auke?
Pensjonsbeløpa vil auke når avtalen blir tildelt overskot eller det blir frigjort tilleggsavsetningar.
Kan eg slå saman fripoliser eg har i SpareBank 1 frå før?
Det er mogleg å slå saman fripoliser som du allereie har i SpareBank 1, slik at du får lågare kostnadar. Fripolise etter kollektiv livrente kan ikkje bli slått saman med fripolise etter lov om føretakspensjon. Det er berre mogleg å slå saman fripoliser som er ferdig oppreservert. Du kan lese meir om oppreservering i forklaringa til kontoutskrifta. Viss du ønsker å slå saman fripoliser må du ta kontakt med oss.
Kan eg slå saman fripolise og pensjonskapitalbevis?
Nei, det er berre like produkt som kan bli slått saman. Ein fripolise er ein fullt betalt pensjonsrett frå ein ytelsesbasert pensjonsordning. Eit pensjonskapitalbevis er ein oppspart saldo frå ein innskotsbasert pensjonsordning.
Kan eg flytte fripolisene mine til SpareBank 1?
Det er ikkje mogleg å flytte fripoliser til SpareBank 1.
Korleis kan eg følge med på utviklinga av fripolisen min?
Utviklinga kan du sjå på kontoutskrifta som blir sendt ut ein gong per år.
Kva er ektefellepensjon, sambuarpensjon og barnepensjon?
Fripoliser kan omfatte ektefellepensjon, sambuarpensjon eller barnepensjon. Dersom forsikra ved sin død etterlet seg ektefelle eller fråskilt ektefelle, sambuar eller barn, kan desse ha rett til utbetaling.
Kan eg starte utbetaling frå fripolisen min og jobbe samtidig?
Ja, du kan fritt kombinere arbeid og pensjon.
Kva skjer med fripolisen viss eg dør?
- Alderspensjon og eventuell uførepensjon opphøyrer og saldo blir overført til dei øvrige fripoliseavtalane i forsikringsfellesskapet.
- Omfattar fripolisen ektefelle-, sambuar- og/eller barnepensjon, vil desse pensjonane bli utbetalt under føresetnad av at vilkåra for utbetaling er oppfylte.
- Dersom det ikkje finst gjenlevande barn, ektefelle eller sambuar vil saldo frå desse dekningane bli tilbakeført til forsikringsfellesskapet.
Betaler eg skatt på fripoliser?
Ja, men ikkje før du startar utbetaling. Pensjonsutbetaling frå ein fripolise skal bli skatta som pensjonsinntekt. Det er ikkje formuesskatt på fripoliser. Sjå www.skatteetaten.no for meir informasjon.
Kan ektefelle- eller barnepensjon gjerast om til alderspensjon?
Nei, det er ikkje mogleg.
Kan eg sleppe å få tilsendt kontoutskrift frå fripoliser?
Nei, det er lovpålagt informasjon som blir sendt ut årleg.
Kor lenge får eg utbetalt pensjon?
Dette varierer og informasjon om kva som gjeld for din avtale finn du i kontoutskrifta.