European Market Infrastructure Regulation, eller EMIR – regelverket, er ei forordning som blei innført i EU i 2012, men som først tredde i kraft i Norge 1.juli 2017. Regelverket blei revidert med EMIR Refit i 2019. EMIR har som mål å redusere eventuell risiko ved å overvake og regulere derivathandel ved å auke innsynet i finansmarknaden. Regelverket kjem som ein konsekvens av finanskrisa i 2008 og er retta mot bedrifter.
EMIR kan grovt kan delast inn i desse hovuddelane:
Kvar motpart i ei derivatkontrakt skal klassifiserast enten som ein finansiell eller ein ikkje-finansiell motpart. Det er kvart enkelt føretak sitt ansvar å sørge for riktig klassifisering, og dette skal gjerast ovanfor motparten i derivathandelen. Føretak som handlar med Sparebanken Sogn og Fjordane må klarere kva kategori dei tilhøyrer ovanfor oss.
Finansielle motpartar (FC) vil vere føretak som bankar, forsikringsselskap, verdipapirføretak, kredittføretak og pensjonskassar. Ikkje-finansielle motpartar (NFC) er alle andre føretak. NFC er delt opp i to underkategoriar, NFC+ og NFC-. For å klassifiserast som ein NFC+ må føretaket sine derivatposisjonar (som ikkje er handla med formål om sikring) overstige gitte terskelverdiar. Det er lite truleg at norske føretak vil hamne i denne kategorien, då det krevst signifikante nominelle beløp for å overstige terskelverdiane. Som utgangspunkt vil derfor føretak som ikkje klassifiserast som FC høyre heime i kategorien NFC-. Denne kategorien er gjenstand for mindre regulering enn andre klassifiseringsgrupper. Når det gjeld FC vart det med Emir Refit innført også to underkategoriar basert om ein er over eller under dei nemnde terskelverdiane og såleis har clearingplikt eller ikkje, henhaldsvis, FC+ og FC-.
Finansielle føretak og NFC+ blir pålagt å stille sikkerhet for derivatkontraktar gjennom ein sentral motpart med formål å redusere motpartsrisiko. Føretak som er klassifisert i kategorien NFC- vil ikkje bli omfatta av denne plikta.
For derivathandlar til klassifiseringsgruppe NFC-, er motpartane i staden pålagt å setje i verk risikoreduserande tiltak. Som eit ledd i dette, sender banken stadfesting på alle handlar kort tid etter inngåing. Her skal kunden kunne reklamere raskt dersom stadfestinga ikkje er i tråd med sine eigne noteringar. I tillegg vil banken ved årskiftet sende ut rapport for porteføljeavstemming. Denne har oversikt over alle uteståande derivatkontraktar og gjeldande marknadsverdi.
EMIR slår fast at alle derivat skal rapporterast til eit autorisert transaksjonsregister. Finansielle tilsynsmyndigheiter i dei ulike landa vil få innsyn i dei handlane som er gjort. Begge motpartar må rapportere transaksjonen, samt eventuelle endringar i avtaleforhold og avslutting eller utløp av avtalen. Rapporten vil innehalde informasjon om partane i handelen, og spesifikk informasjon som identifiserer den individuelle transaksjonen.
Kva betyr dette for deg som bedriftskunde?
For deg som kunde som handlar derivat med banken, enten som valutakontraktar eller renteswappar, vil dette seie at ditt føretak må informere banken kva klassifiseringsgruppe de tilhøyrer, samt sørge for at derivatkontraktene de har inngått blir rapportert elektronisk til eit transaksjonsregister.
Som ein del av risikoreduserande tiltak, vil de som kunde motta årleg oversikt over løpande derivatkontraktar, med tidsfrist for å melde inn ein eventuell ueinigheit rundt avtalene.
Delegering av rapportering
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr seg å rapportere på vegne av sine bedriftskundar, til transaksjonsregisteret som banken sjølv nyttar for å rapportere sine handlar. Etter EMIR Refit er banken pliktig å rapportere på vegne av kunden, så lenge kunden ikkje eksplisitt har bedt om å rapportere sine handlar sjølve. Banken har inngått avtale med REGIS TR. Dersom de ynskjer det, kan de som bedriftskunde få «view only»-tilgang hjå REGIS for å kunne sjå transaksjonar som er innrapportert på dykkar vegne. Dette vil innebere eit fast årleg gebyr som de betaler til REGIS.
Rapporteringstenesta banken tilbyr er gratis, men merk at ved manglande informasjon frå dykkar side som vi treng for å rapportere, vil banken kunne krevje gebyr etter gjeldande prisliste. Som eksempel kan ein nemne at de sjølv er ansvarlege for å ha gyldig LEI kode. Etter MIFID II regelverket vart innført i Noreg i 2018, er det ein plikt å ha gyldig LEI for å handle finansielle derivat.
LEI kode
Føretak som handlar med derivat må dermed skaffe seg ein LEI kode. LEI er eit organisasjonsnummer som inngår i ein global standard, og som identifiserer juridiske einingar som deltar i finansmarknaden.
Ei utfyllande oversikt over LEI-tilbydarar finn du her: LEI
Vi vil forøvrig anbefale Norsk-LEI . Fordelane her er at ein kan kjøpe LEI for fem år av gongen. Då treng ikkje føretaket ditt fornye LEI kvart år.
Sparebanken Sogn og Fjordane sin LEI er 5967007LIEEXZX8UHK11.
Avtale
Ved inngåing av ramme for enten valutakontrakt eller renteswapper, vil de som kunde få tilsendt skjema der de stadfester klassifisering, informerer oss om dykkar LEI kode samt ei eventuell stadfesting om de ynskjer å utføre rapporteringa sjølve. Dette er ein føresetnad for inngåing av derivatkontrakter med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dersom de har spørsmål rundt dette, ber vi dykk ta kontakt med vårt meklarbord på valuta og rente.
Ynskjer de meir informasjon rundt EMIR, vil vi anbefale informasjon frå Finanstilsynet.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}