Sindre sin tur - september

sb1ls-turtips-yvonne2

Gnedden 1111 moh

Takk for utfordringa Per Morten! Eg set pris på å få moglegheita til å formidle turar frå den fantastiske naturen i vår region! Eg er sjølv spesielt glad i toppturar i Rondane og Jotunheimen, men i oktober er ikkje desse områda lenger like lett tilgjengeleg. Det er tid for å trekkje ned frå høgfjellet. 

Dette er ikkje nødvendigvis noko ulempe da Nord-Gudbrandsdalen har mange fantastiske turar også i lågare terreng. Eit turmål eg sjølv likar godt er Gnedden. Dette er ein tur eg går minst ein gong kvar sommar, og som for min del startar ved stovedøra. Turen kan elles gåast frå Kringsetra, Holsetra, Solhjemslia eller frå boligfeltet Sandbumoen. Sistnemnte er ikkje det stuttaste alternativet, men det er turen Sandbumoen-Gnedden eg har valt å beskriva nedanfor.

Sandbumoen er eit byggjefelt som ligg ca. 4 km sør for Otta. Når du kjem langs E6 svingar du av og køyrer til «toppen» av boligfeltet. Her parkerer du bilen, og byrjar turen langs ljosløypa. Følg denne til du møter stigen som kjem frå Ormbakkvegen. Etter kvart kjem du inn på den gamle vegen til Holsetra, og passerar eit fint utsiktspunkt som kan kombinerast med ei lita drikkepause. Etter å ha slukka tørsten krek du vidare oppover lia, og passerer brua over Skarvatåa. Du forlèt etterkvart stigen mot Holsetra, og fortset mot Gnedden. Fra stiskille er det skilta, og greitt å finne fram. Mellom trea vidare oppover kan du nyta flott utsikt utover dalen! På ca 800 moh kryssar du Vangsåi (enkel kryssing) og går vidare mot tjernet Vadet. Turen går i skog heilt hit, men her opnar terrenget seg, og du ser seterstulen og Gnedden midt i mot. Her er det verkeleg flott! Stigen passerer på nordsida av Vadet, og når du kjem til setrene er det att berre den siste, men litt bratte kneika mot toppen.

Vel oppe ved toppvarden på 1111 moh er det fantastisk utsikt mot Sleotjerna, Olastjern, Heimtjern, Vadet, Blomseterdalen, Kvamsjellet og våre majestetiske toppar i Rondane. Nå er det berre å nyte utsikta, og ta ein velfortent kvil. Du må rekna med å bruke 4 timer tur-retur, men eg skal lova at du ikkje kjem til å angre!

Eg ynskjer god tur, og utfordrar samtidig vår økonomiansvarlege Svein Garmo til å koma med turtips for november. 

Bileta er teke ein flott oktoberdag i 2019.

Fjellhilsen fra Sindre
#Fjellbanken
sb1ls-turtips-sindre4

 

 

 

 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }