Om oss

Video placeholder image

Nær, solid og livgjevande.

Der har du fjellheimen som omgir oss øvst i Gudbrandsdalen. Der har du kjerna vår som bank. Uansett kva sti du slår inn på, er vi gjerne ditt følgje. For å vise deg enno tydelegare kven vi er, kor vi kjem frå og kva verdiar vi står for, lot vi oss 13.september døype i fjellvatnet Gjende. Vi er Fjellbanken.

Gjennom tre århundrer har SpareBank 1 Lom og Skjåk slått djupe røt i dei eventyrlege dalføra kransa av fjellområda Jotunheimen, Dovrefjell, Rondane, Breheimen og Reinheimen. Dei livskraftige bygdene vi er del av rommar nokre av dei mest unike kulturlandskapa, kulturarven, tradisjonane og naturattraksjonane i Noreg. Toppa av eit næringsliv med framifrå fagfolk innan landbruk, reiseliv, handel og industri. Alt saman kvaliteter vi som regionbank stolt bidreg til å støtte opp om og vidareutvikle – i trygg forvissing om verdien av lokalt engasjement.  

Anten du er personkunde i bygd eller by, ynskjer å utvikle bedrifta eller dalføret, er aktiv i frivillig arbeid eller gründer med framtidsretta konsept – i Fjellbanken er vi stolte av vårt ansvar og vår arv, og tek aktiv del der gode initiativ og idear dukkar opp.

SpareBank 1 Lom og Skjåk bankar for fjellbygdene nord i Gudbrandsdalen, vi bankar for folk og framtid. Gjer du det same så slår vi gjerne følgje. For vi vil gjerne være lokalbanken din, der du er.

sb1ls-stryvo-sveiser

Vi bankar for Norddalen

Vi er #jælmabegeistra - er du?

Historia vår

Lom og Skjåk Sparebank vart grunnlagt i 1873 som sparebank for kommunane Lom og Skjåk. I snart 150 år har utviklinga av banken og fjellbygdene vi er del av hengt tett saman.

Gjennom sine lange tradisjonar nord i Gudbrandsdalen er SpareBank 1 Lom og Skjåk ein institusjon i lokalsamfunnet i nært samspel med både folk og næringsliv. I dag er SpareBank 1 Lom og Skjåk framleis ein sjølvstendig sparebank med lokalt styre, tett knytt til lokalsamfunnet. Sidan årtusenskiftet har banken i tillegg fått ein stor del personkundar frå heile landet.

SpareBank 1 Lom og Skjåk har dei siste åra utvida marknadsområdet sitt øvst i Gudbrandsdalen kraftig ved å opne kontor i Vågå med fulltidsbank frå hausten 2005 og på Dombås frå våren 2012. I dag er vi ein engasjert og sterkt tilstadeverande regionbank i heile Nord-Gudbrandsdalen frå Skjåk og Lesja i vest til Vågå i aust.

Hovedkontoret ligg i Lom, med avdelingskontor i Skjåk, Vågå, Dombås og i Oslo.

I tillegg til tradisjonelle bankprodukt og kvalifisert rådgiving, tilbyr vi gjennom SpareBank1-gruppa konkurransedyktige produkt innan mellom anna finans og forsikring.

 

SpareBank1 Lom og Skjåk er i dag takknemlege over å vere sjølve #fjellbanken - i solid vekst i ein region vi er oppriktig stolte av å vere ein integrert del av. Skulle du sjølv bo i by eller lågland er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til å bli kunde i banken og gjest i fjellheimen!


Nå har vi oppdatert personvernerklæringen vår!

En av våre aller viktigste oppgaver er å ivareta ditt personvern på en god og sikker måte. Dette er avgjørende for at du skal ha tillit til oss. Slik har det alltid vært, men nå får du enda flere rettigheter.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }