Far frå fjellandet Sveits. Oppvekst i fjellbygda Vågå. Barndom ved fjellsjøen Gjende. Er det rart Livia Sauter har blikket festa bratt oppover?
40.000 liter ureist mjølk. 40 frittgåande fjellgrisar. Fire tonn handverksost i verdsklasse. Pølser og kjøt med smak på høgde med Jotunheimen. Fjellaure frå det fremste fiskevatnet i fjellheimen. Alt saman ingrediensar i ein meny ingen gjer Brimi Sæter etter.
– Dei fire rettane i Skråpå tå-menyen er alle komponert av lokale råvarer og eigne dyr her frå setra. Det er sjeldan gjestane våre har særleg kunnskap om seterdrift, men dei set enormt pris på både måltidene, stemninga og historia som ligg bak. Å vere del av dette er så løyle, strålar Livia Sauter.
Medan jamnaldrande så vidt har starta universitetsstudiet, reiser jorda rundt eller spør seg kva dei skal bli når dei blir store, har Livia Sauter funne si fjellhylle. I eit reiseliv
med ein fot solid planta i tradisjonane, og den andre i ei spanande framtid.
– Draumen som driv meg er å ein dag skape ein heilt ny reiselivsattraksjon tufta på dei unike kvalitetane i fjellheimen og bygdene våre, seier 22-åringen:
– No samlar eg på gode idear, kunnskap og erfaring
Den raude tråden er den rike kulturarven som gjer reiselivet nord i Gudbrandsdalen så unikt. På turistmagneten Brimi Sæter er tunet og dørstokkane hardtrakka av budeiene som har verka her heilt sidan 1500-talet. Nokre av dei er levande legender.
– Embjørg Brimi dreiv aktiv setring her oppe i 60 år, fortel Livia stolt:
– Ei anna legende er overbudeie Mari, som med ansvar for kring 100 geiter og 40 mjølkekyr laut stille klokka to timar for fort til å få arbeidsdagen til å strekke til.
Ingen skal skulde Livia for å liggje på latsida heller: Tre år etter at ho byrja læretida som den fyrste reiselivslærlingen i Gudbrandsdalen, har ho hausta arbeidserfaring i ei gullrekkje av reiselivsbedrifter frå bokstaveleg tala øvste fjellhylle: Furuhaugli på Dovrefjell, Smuksjøseter i Rondane, Norsk Fjellsenter i Lom, Nasjonalparkriket på Otta, Brimi Sæter i landet med same fornamn – og snart BrimiBue i Lom. Toppa med oppveksten i familiebedrifta ved osen av Gjende, eit enormt nettverk og reiselivserfaring andre treng eit halvt liv for å opparbeide seg. Sjølv samanfattar Livia lærdomen ho sit att med på dette viset:
– Reiselivet er det nye landbruket.
Du treng ikkje gå lenger enn til den kombinerte mat- og sovesalen på Brimi Sæter for å oppleve samspelet på nært hald.
– Her vaknar gjestane kvar morgon av at kyrne går inn til mjølking i etasja under, glødar Livia.
– Mjølka blir teke hand om i ysteriet i naborommet, restane av osteproduksjonen går rett i grisane, osten og kjøtet endar på tallerkenen. Meir stuttggått middag er det knapt mogleg å få.
Nede i bygda, på Lærlingkontoret Gudbrandsdalen, humrar Bjørg Vole godt.
– Livia er kroneksempelet på den enorme meirverdien av å ha ei lærlingeordning der engasjert ungdom frå regionen kan ta stega og lyfte kompetansen og kvaliteten på reiselivet vårt ytterlegare.
Ikkje for det: Lærlingkontoret Vole driv rekrutterer i dag lærlingar frå heile landet til læretid innan ei rekkje fagfelt. Reiselivet står i ei særstilling.
– Påfyllet reiselivet i Nord-Gudbransdalen treng for å utvikle seg vidare er ikkje teoretiske mastergradar, men auka kompetanse. Lærlingeordninga har vist seg å vere eit framifrå verktøy for nett slik kvalitetsheving. Sjølvsagt for lærlingane sjølve, men i like stor grad for reiselivsvertskapet som lærer dei opp i eiga drift. Å følge opp ein lærling krev både struktur, fokus og høgt medvit om kva ein driv med – og vissheit om kvifor ein gjer det, seier Bjørg Vole:
Så sprekk alle lærlingar si mot opp i eit breitt glis – og kjem med ordrett same utbrotet som budeia på Brimi:
– Å vere del av dette er så løyle!
BRIMI SÆTER
Seterysteri og serveringsstad tufta på rik kulturarv som tilbyr overnatting og eigenprodusert mat i ei unik historisk ramme.
Brimi Sæter ligg ved den vidgjetne fjellsjøen Tesse – i eit seterområde med tufter datert attende til steinalderen.
I dag husar Brimi Sæter fjellfolk frå fjern og nær – i tillegg til mjølkekyr, fjellgris og høner.
Dei eldste husa på Brimi Sæter har historie attende til 1500-talet
Har vunne ei rekke prisar for sine lokalmatprodukt – mellom dei ferskt Super Gold i World Cheese Awards.
Del av destinasjonen Brimiland som og husar Brimi Fjellstugu, Brimi Klatrepark, Brimi Eventyr og Arne Brimi sitt Vianvang – samt restauranten BrimiBue i Lom
Sparebank 1 Lom og Skjåk er aktivt til stades med avdelingar i heile Norddalen – og er jælma begeistra over alle drivande dyktige folk, solide føretak, nyskapande initiativ og suksessrike verksemder som møter oss i Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk. Vi bankar for Norddalen er meint som både takk, heiarop og augeopnar for ein region breddfull av kvalitet og moglegheiter – som vi er stolte av å banke for.
Vil du og ha bank? Sigbjørn Oppheim ser gjerne innom deg for ein trivelig prat om du har #kaffiogbiteti!
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis mer informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort."
}