Tilbakemelding frå deg som kunde er verdifullt for oss. Med hjelpa di har vi laga mobilbanken med den høgaste scoren i App Store! Dette er den beste motivasjonen vi kan få til å halde fram med å utvikle produkta og tenestene våre.
Saman utviklar vi Norges beste mobilbank
I tett dialog med tusenvis av mobilbankkundar har vi forbetra oversikta i mobilbanken, og lansert ei rekke nye funksjonar. Mellom anna har det blitt mykje lettare for deg å betale rekningar frå e-post, starte sparing, utsetje betaling og følge med på økonomien til barna dine, og dessutan få rådgjeving om kva andre produkt og tenester som kan hjelpe deg til å ta gode økonomiske val.
- Når vi leverer nye funksjonar og produkt i mobilbanken, er dette eit svar på det kundane fortel oss at dei forventar og ønsker. Så langt har over 25.000 gitt tilbakemeldinga si direkte i mobilbank-appen. Vi er veldig glade for at vi har så mange engasjerte kundar, seier Thomas Allan Nygaard, produkteigar digitalbank i SpareBank 1.
Les meir om dei nye funksjonane her
Nye løysingar på trappene
Nærare 100.000 kundar har hittil ratet SpareBank 1 sin mobilbank i App Store, og den samla scoren er no på 4,6 av 5 moglege stjerner. Nygaard takkar for tilliten, men understrekar at dette absolutt ikkje er ei kvilepute. Utvikling av nye løysingar i mobilbanken er noko det blir jobba kontinuerleg med.
- Oppgåva vår er å hjelpe kundane til å ta gode økonomiske val, og forenkle og forbetre den økonomiske kvardagen deira. For å få til det må vi levere ein enkel og oversiktleg mobilbank som møter kunden der han eller ho er, og løyser dei faktiske behova dei har. Då held det ikkje berre med fancy innpakning, seier Nygaard.
I tillegg til direkte tilbakemeldingar frå kundane, nyttar SpareBank 1 fokusgrupper, brukartestar og spørjeundersøkingar til å ta riktige val og prioriteringar.
Auka bruk av mobilbank
Stadig fleire nordmenn føretrekker å bruke banken på mobilen. Bruken av SpareBank 1 sin mobilbank har auka med over 50 prosent det siste året, og kundane våre loggar no inn i mobilbanken kvar einaste dag.
- Folk vil ha det enkelt, og det er derfor særleg tre område vi har hatt fokus på i arbeidet med mobilbanken: Enkel og meir relevant oversikt over daglege utgifter, lån og sparing. Legge til rette for at kundane skal kunne ta gode økonomiske val ved å gjere fleire nyttige produkt og tenester tilgjengelege. Og gjere det lettare å endre og administrere kundeforholdet sitt, seier Nygaard.
Innovasjon og teknologiutvikling har òg stått sentralt for utviklinga av den nye oversikta. Som den første bankgrupperinga i landet har SpareBank 1 laga ei løysing som gir kunden oversikt over fleire bankforhold i mobilbanken.
- Vi vil gi familien den beste oversikta over økonomien sin, og jobbar heile tida med å utvikle løysingar for dette. I gjennomsnitt har vi nordmenn 1,9 banksamband, så det å kunne sjå alle kontoane dine samla på éin stad vil gjere økonomistyringa enklare. I første omgang kan du sjå kontoar på tvers av dei 14 Sparebank 1-bankane i mobilbanken, men vi har lagt til rette for at du på sikt kan hente inn andre bankar og aktørar inn i mobilbanken vår, seier Nygaard.
Vi set stor veldig pris på om du vil vurdere mobilbanken. Gå inn i App Store og Google Play Store og gi oss tilbakemeldingane dine.
Sjå mobilbanken for barn
Spink er ein app som gir barn og unge oversikt over kor mykje pengar som er på bankkortet og kva pengane har gått til. I Spink kan barna òg få ein eigen sparekonto, slik at dei kan setje seg eigne sparemål og overføre pengar sjølv. Slik kan appen motivere til eigen sparing.