Mobilbank

Med mobilbank er det enklare å styre kvardagsøkonomien. I Norges beste mobilbank kan du tilpasse ting akkurat sånn du vil. 

Velkommen inn i mobilbanken.

Slik aktiverer du mobilbanken

Lett å bruke og raskt å gjere vanlege bankting.

Kundeservice er open kvar dag,7 - 22 (10 - 18) heile året frå


Mobilbanken er gratis å laste ned, og gratis å bruke. Sjå den fullstendige prislista til banken.


Last ned for iPhone og iPad

Last ned for Android


Ting i mobilbanken som gjer kvardagsøkonomi enklare

I min økonomi blir alt du bruker delt opp i kategoriar så du får betre oversikt over privatøkonomien din. Det er enkelt å sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.

Les meir om Min økonomi
 

Her finn du Min økonomi
  1. Logg inn i mobilbank
  2. Vel ein konto
  3. Vel fana Min økonomi

I mobilbanken får du god oversikt over pensjonen din. Du kan enkelt sjå kor mykje du bør spare, for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist. 


Video placeholder image

Visste du at du kan endre eller avslutte abonnement og faste utgifter i mobilbanken? Start med å få oversikt over alle dei faste utgiftene dine. Viss du finn noko du ikkje bruker så mykje, kan du endre eller avslutte dei med ein gong.

Her finn du abonnementa dine:
  1. Logg inn i mobilbanken og vel ein konto.
  2. Gå til Min økonomi og Faste utgifter.
  3. Trykk på ei utgift for å endre eller avslutte.

No kan du sjå alle kredittkorta og forbrukslåna dine, uavhengig kva bank du har dei i. Informasjonen hentar vi frå Norsk Gjeldsinformasjon.

Oversikta gir deg meir kontroll over alle smålåna og kreditten din. Kanskje du har eit kredittkort du hadde gløymt? Eller ein lånekonto du ikkje har brukt? 

I oversikta kan du òg sjekke om du bør refinansiere nokre av låna eller kredittkorta dine, viss det lønner seg. Då kan du får meir å rutte med. 

Sånn ser du forbrukslåna og kredittkorta dine:

1. Gå til Oversikt.

2. Trykk på Legg til konto eller kort.

3. Trykk på Kredittkort og forbrukslån.

4. Gi samtykke til at vi kan hente informasjon frå Norsk Gjeldsinformasjon. 

I mobilbanken finn du alle forsikringane dine, og du kan gå inn på kvar enkelt for å sjå og gjere endringar.

Du ser forsikringane dine nedst på den første oversiktssida din i mobilbanken, under Mine forsikringar.

Er du på reise og treng bevis på at du har reiseforsikring, finn du reisekortet på same stad.

Eit smart tips for ein enklare kvardagsøkonomi og privatøkonomi er å sette opp fast overføring av vekepengar til barn. Då slepp du å hugse på det kvar veke. 

Sjå også meir informasjon om mobilbank for barn og korleis du bestiller mobilbank for barn.

Treng du hjelp til stort og smått om personleg økonomi, kan du chatte med oss eller kontakte kundeservice i mobilbanken.

Chatten finn du i menyen nedst til høgre i mobilbanken. Viss chatboten ikkje kan svare, blir du sett over til ein rådgjevar.  

Kundeservice er open kvar dag Telefonnummeret finn du i appen før du loggar inn. Klikk på dei tre prikkane øvst til høgre.
 

Treng du å sjekke kor mykje pengar du har på kontoen lynraskt? Med widgeten vår ser du saldoen med eit sveip.

Få saldo med sveip på iphone:
  1. Frå Heim-skjermen på telefonen trykker du og held på eit appikon, ein widget eller på eit tomt område heilt til appane ristar.
  2. Trykk på Legg til (+) øvst til venstre.
  3. Søk etter Mobilbank og vel widget. Du kan velje mellom ulike størrelsar.
  4. Trykk på Legg til widget og Ferdig
Få saldo med sveip på Android:
  1. Trykk og hald på ein tom stad på startskjermen til menyen dukkar opp.
  2. Vel widgets og finn Mobilbank frå SpareBank 1. 
  3. Trekk widgeten inn på ein tom stad på skjermen. 

Å logge inn med fingeren eller ansiktsgjenkjenning kjenner du kanskje til, og no kan du også betale på same måte. Då går det endå raskare enn før!

Du kan betale med finger og ansikt på alle betalingar under 5.000 kroner.

Slik gjer du det:

  1. Logg inn, gå til menyen Meir, og vel Innstillingar.
  2. Vel Betaling, så Godkjenning og til slutt Godkjenne betaling.
  3. Vel og Stadfest med BankID eller BankID på mobil.

No er det enkelt å betale papirfaktura og rekningar på e-post i mobilbanken. Du tar bilde av papirfakturaen eller kopierer fakturaen frå e-posten og slepp kopiering av kontonummer og KID. 

Papirfaktura - slik gjer du:

  1. Vel Betale i mobilbanken.
  2. Vel konto å betale frå og trykk på kamera-ikonet øvst til høgre og vel Kamera.
  3. Ta bilde av papirfakturaen, så kjem informasjonen automatisk opp i betalingsbildet.

 

Rekning på e-post - slik gjer du på iOS:

  1. Opne fakturavedlegget du har fått på e-post.
  2. Klikk på symbolet for å laste opp og vel ikonet for mobilbank. Viss du ikkje ser ikonet for mobilbanken, finn du det under Meir.
  3. Beløp, forfallsdato, KID og kontonummer blir automatisk fylt ut.
  • Del konto med kven du vil
    Dei du deler med kan sjå saldo og kontobevegelsar, men kan ikkje ta ut pengar. Les meir om deling av konto
  • Legg til og betal med konto frå annan bank
    I mobilbanken vel du Legg til konto eller kort og Legg til konto frå annan bank. Vel bank, og kontoen du vil sjå. 
  • Sjå studielånet ditt i mobilbanken
    I mobilbanken trykker du på Legg til konto eller kort, og hentar inn studielånet.
  • Få pushvarslinger på mobilen
    I mobilbanken trykker du på Meir i menyen nede til høgre, trykk så på Varslingar og Tillat pushvarslingar. Her får du også velje kva du ønsker varsel om.

Du har Norges beste mobilbank!

Vi er superstolt av mobilbanken vår, og veldig glad for at Cicero no har kåra den til Norges beste mobilbank. Rapporten analyserer dei norske mobilbankane og gir innsikt i kva som kjenneteiknar dei beste løysingane på markedet.


Veit du kva bilen kostar deg?

Under Mine køyretøy i mobilbanken får du betre oversikt over kva det kostar å ha bil, båt og andre køyretøy.

Du ser mellom anna:

  • Lån og forsikringar
  • Leasingavtalar eller Fleks bilabonnement
  • AutoPASS avtalar og bompasseringar
  • Dato og frist for EU-kontroll

Ta ein titt på mobilbanken

Sett av pengar
- og lag eigne kontoar for ulike formål

Video placeholder image

Få kontroll på forbruket
- og finn ut kvar pengane blir av

Video placeholder image

Spar enkelt til pensjon
- for du vil vel ha like god råd som pensjonist?

Video placeholder image

Smarte tips i mobilbanken

Nokre gonger må du berre fikse ting kjapt. Du kan òg melde skade, endre køyrelengde på bilforsikringa, søke lån og endre lånet.

Plutseleg tomt på kortet?

Med mobilbanken flyttar du kjapt pengar til kortet utan å lage kaos i køa.

Er kortet vekke?

Ta det roleg. Du kan sperre kortet ditt i mobilbanken. Finn du det igjen, er det like enkelt å opne igjen.

Vanskeleg å spare?

Neida, startar du mikrosparing sparer du litt kvar gong du bruker kortet. Då går det av seg sjølv.


Kva lurer andre på?




{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }