Brånåhø

sb1ls-turtips-branaho1

Kva med ein tur til Austre Brånåhøe, 1.332 moh, i Vågå?

Dette er ein lett, men kjempefin tur, som dei aller fleste kan gjennomføre.  For å koma til utgangspunktet, tek du opp Øygardsvegen rett bak Kiwi/Vågå hotell. 
Denne vegen tek du til Sandbakken og bommen der.  Etter å ha betalt i bommen, kjører du (evt for dei spreke; syklar) Blåhøvegen til du kjem til Jettjønn og avkjøringa til Vole.  På finversdagar vil du ute på Vole ofte kunne sjå hangglidarar/paraglidarar som hoppar ut og får sjå den vakre Vågå-bygda frå lufta.

 

 

Ved Jettjønn er det god parkering og der startar turen til Austre Brånåhøe.  Det er godt skilta heilt frå parkeringsplassen og langs tjønne, på nordvest. Du følgjer ein fin stig langs tjønne om lag 1,3 km.  Da har du også passert ein minneplass etter Kari Jakobsdotter Kirstihagen som døydde på veg mellom Vågå og Dovre i 1863.  Stopp gjerne og les teksta som er sett opp der.  Det gjev litt perspektiv på «før og
nå.»

Etter om lag 1,3 km kjem til eit kryss der du tek til venstre opp lia.  Det er ikkje bratt opp der, men fint å gå.  I krysset er det skilta til Austre
Brånåhøe.  Du følgjer stigen opp lia om lag 1,5 km.  Etter kvart vil du få flott utsyn både mot Rondane og Snøhetta-massivet. 

Ved neste stigskille er det skilta til Jettsetra (om lag 2,2 km), men vil du på Austre Brånåhø, tek du til venstre.  Da har du att berre
400-500 meter til toppen.  Den siste delen er det så mykje kvitkrull at det nesten bli bakglatt å gå.  På topppen blir du møtt av ei kjempefin utsikt, ein flott varde, og jammen er det stolpejakt der også.  Du har vid utsikt i alle retningar, og snur du deg den vegen du kom, kan du nå også sjå Jotunheimen.

I greitt ver er det berre å setja seg ned, nyte utsikta og ta fram matpakka.  Attende går du same vegen og du får ei flott utsikt mot Jettjønn og bygda.

Heilen turen er om lag 7 km t/r og altså etter god stig.  LITT blaut innimellom er det, men sjeldan verre enn at du kjem over tørrskodd i joggesko.

Ynskjer du og har tid til å gjera turen litt lenger, kan du gå mot Jettsetra når du kjem attende til fyrste krysset.  Også det er ein godt merka stig som gjev flott utsyn og fin turoppleving.  Frå krysset til Jettsetra er det om lag 2,2 km., og trur du ikkje at du blir møtt av stoplejakt der
også.  Ved setra er det godt høve til å ta nok ein kvil før du tek dei siste knappe 4 km attende til Blåhøvegen. 

På veg attende lang Jettjønn kan dei som er interessert i vasskultur, ta ein avstikkar ned til nordenden av tjønne og sjå korleis den er regulert.  Den er også regulert i sørenden, noko som er nokså spesielt; at den er regulert i båe endar.  
Turen attende til Blåhøvegen er nokså lett.  Du må LITT opp før det flatar ut langs Jettjønne, men det er fin og merka stig heile vegen også her.  Det er, heldigvis, framleis nokså mykje sau på beite i området.  Det er derfor viktig å hugse at det er båndtvang frå 01.04. til 30.09. kvart år.

God tur!

Fjellhelsing frå Kjell Ola

#fjellbanken




{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }